All Join Hands
All Join Hands Singel av Slade frå albumet Rogues Gallery | ||
B-side |
Here's To... | |
---|---|---|
Utgjeve | 9. november 1984[1] | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:15 (singel) 5:30 (album) 6:15 (extended version) | |
Selskap | RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | John Punter (A-Side) Jim Lea (B-Side) | |
Slade-kronologi | ||
«Slam the Hammer Down» (1984) |
All Join Hands | «7 Year Bitch» (1985)
|
«All Join Hands» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1984 som den første singelen frå det tolvte studioalbumet deira, Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i ti veker.[2]
Songen vart den siste til Slade på den britiske topp 40-lista på sju år.[2] B-sida, «Here's To...», kom sidan ut på samleplata Crackers: The Christmas Party Album i 1985.
12"-singelen inneheldt ein lengre versjon av «All Join Hands» på A-sida. Det vart òg gjeve ut ein avgrensa 12"-vinyl i Storbritannia med to ekstra spor: «My Oh My» og «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')».[3] Sistnemnte hadde tidlegare vore B-side på singelen «(And Now the Waltz) C'est La Vie» i 1982.[4]
Format
[endre | endre wikiteksten]- 7"-singel
- «All Join Hands» - 4:15
- «Here's To...» - 3:12
- 12"-singel
- «All Join Hands (Extended version)» - 6:15
- «Here's To...» - 3:12
- 12"-singel (UK limited edition release)
- «All Join Hands (Extended version)» - 6:15
- «My Oh My» - 4:12
- «Here's To...» - 3:12
- «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 3:28
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart[5] | 9 |
Den svenske singellista[6] | 19 |
UK Singles Chart[2] | 15 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Slade
- Noddy Holder - solovokal
- Jim Lea - piano, bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Here's To...», arrangør
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- John Punter - produsent på «All Join Hands» og «My Oh My»
- Slade - produsentar på «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')»
- East St. - design og kunst
- Shoot That Tiger! - logo
- Tony McConnell - fotografi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «All Join Hands» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Slade - All Join Hands / Here's To‌ - RCA - UK - RCA 455». 45cat. Henta 9. oktober 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 9. oktober 2021.
- ↑ «12«-singels - Slade - All Join Hands / My Oh My - RCA - UK - RCAT 455». 45worlds.com. Henta 9. oktober 2021.
- ↑ «Slade - (And Now - The Waltz) C'Est La Vie / Merry Xmas Everybody (Live And Kickin') - RCA - UK - RCA 291». 45cat. Henta 18. oktober 2021.
- ↑ Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 14. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade - All Join Hands». swedishcharts.com. Henta 14. oktober 2021.